Arbeidet rundt lærlingen føregår slik:

God informasjon er avgjerande for ein god start på læretida.

Målet er å få samarbeidet mellom lærlingen og «læremeisteren» til å fungere.

Bruk dette «kontrollskjema-info-til-lærling» for å sikre at alt er på plass.

Vi må ha ein plan!      

Faste lærlingsamtalar etter besøksplan.

Lærlingen fører elektronisk logg over arbeidet sitt som viser grad av måloppnåing til ei kvar tid.

Lærlingen arbeider med teorioppgåver etter fastlagt plan.

Bedriftsbesøk – Lærlingsamtale – Kurs

Besøksplanar og kursplanar blir laga i august og gjeld eit år fram i tid.

Trykk her:     Besøksplan 2018 – 2019


KURS:

Trykk her:   Kursplan for lærlingar i Bilfaget lette køyretøy 2018 – 2019

Bilfaget tunge køyretøy: (TK)

Lærlingar i Volvo får interne modulkurs i regi av Volvo sin serviceskule i Trondheim.

Lærlingar i Norsk Scania AS får nettbasert teoriundervisning internt i Scania.

Lærlingar i Bertel O. Steen AS og Tide Verksted AS får bilbransjens fjernundervisning gjennom Byåsen fagskule.

Bilfaget lette køyretøy (LK)

Lærlingar i Bilfaget lette køyretøy får tilrettelagte modulkurs organisert av Opplæringskontoret for bilfag.

Sjå kursplan: Trykk her: Kursplan for lærlingar i Bilfaget lette køyretøy 2018 – 2019

Reservedelsfaget (RES)

Lærlingar i Reservedelsfaget får bilbransjens fjernundervisning gjennom Byåsen fagskule.

Lærlingar i Motorsykkelfaget (MC)

Lærlingar i Motorsykkelfaget får bilbransjens fjernundervisning gjennom Byåsen Fagskule.

Bilskadefaget (SKA)

Lærlingar i Bilskadefaget får kurs i arbeid på og med rettebenk/jigg.

Kursa skal dekkje restteorien i faget med vekt på bransjens behov etter læreplanen. Kursa er bygd opp med tanke på at Opplæringskontoret skal fylgje opp lærlingen sitt arbeid for å få samanheng mellom teori og praksis.

Kursa er organisert slik at vi kan tilby delkompetanse til lærlingar som ynskjer det. Lærlingane har då eit individuelt tilpassa opplegg basert på dei krava som denne delkompetansen byggjer på.

Kursa er komprimert slik at heile kursrekka kan gjennomførast i lærlingen sitt «Opplæringsår», som er det fyrste året i læretida. Skulle ein lærling misse eit kurs så kan han nå kurset når neste kull med lærlingar startar året etter.


Opplæringslogg

For å sikre at lærlingen får opplæring i alle læreplanmål og at fagleg leiar skal kunne følgje med på opplæringa så må arbeidet lærlingen utfører registrerast i ein logg.

Formålet med loggen?

1. Lærlingen blir kjent med innhaldet i læreplanen.

2. Lærlingen, bedrifta og opplæringskontoret får lettare oversikt og kan saman finne arbeid som støttar alle læreplanmåla i faget.

3. Lærlingen får dokumentert kva han/ho har jobba med i læretida og viser grad av måloppnåing. Dette er spesielt viktig dersom det blir endring i læreforholdet.

4. Lærlingen blir ansvarleg for eiga læring.

Link til :  Minlogg.no    (lærlingen sin aktivitet på og grad av måloppnåing)


 # Elektronisk lærebok«Bilfagappen»

  Tunge kjøretøy Bilderesultat for bilfag Lette kjøretøy


Vurdering undervegs / Halvårsvurdering / Eigenvurdering

§ 3-12 i forskrift til opplæringlova seier at: «lærlingen/lærekandidaten skal delta aktivt i vurderinga av eige arbeid, eigen kompetanse og eiga fagleg utvikling».

Vurdering av lærlingen sitt arbeid.            

Skjema for eigenvurdering og bedriftas vurdering finner du her :

vurderingsskjema-2017-1

Både lærlingen og fagleg leiar fyller ut vurderingsskjemaet som då vert grunnlaget for lærlingen sin karakter.

Reservedelsfaget brukar dette skjemaet:    Vurderingsskjema